
Storbandentusiastane Arild B. Nielsen og Ingrid Ø. Steinkopf har begge blitt tildelt Norsk Jazzforum sin storbandpris, Ingrid i 2020 og Arild i 2021. Dei er begge nyfikne på ny musikk, og nye former for samarbeid - og eit felles prosjekt mellom Briotrio og Hardanger Big Band vart fødd, eit samarbeidsprosjekt mellom det frivillige kulturlivet i Hardanger og det profesjonelle jazzmiljøet i Bergen. Låter frå Briotrio sitt univers er løfta inn i storbandformat i nyskrivne arrangement og med ei besetning som inkluderer dobbel kompgruppe og solistar. Her får publikum oppleva ein konsert med eit nytt og spennande klangunivers med stort spenn, store kontrastar og mykje energi - servert med eit varie